Gå til innhaldet
← Alle emne
Kom i gang

Legg til e-posten din

Knyt ein e-post til AYA-kontoen din, så du kan logge inn på ein ny telefon og får beskjed på e-post dersom eit varsel ikkje kjem fram.
Du treng ingen konto for å kome i gang med AYA. Men knyter du ein e-post til kontoen din, kan du logge inn på ein ny telefon, og du får beskjed på e-post dersom eit varsel ikkje kjem fram.

Slik gjer du

  1. Trykk på profilen din øvst til høgre for å opne Innstillingar.
  2. Under Kontoen din trykkjer du Logg inn med e-post.
  3. Skriv inn e-posten din og trykk Send eingongskode.
  4. Skriv inn den 6-sifra koden frå e-posten og trykk Stadfest.
  5. No står det Sikra med e-post og e-posten din under Kontoen din.
Kontoen din med Sikra med e-post og Byt e-post
Kontoen din med Sikra med e-post og Byt e-post
Høyrer e-posten allereie til ein AYA-konto, hentar du den kontoen inn på telefonen i staden. Då ligg produkta dine samla på éin stad.

Byt e-post

  1. Trykk Byt e-post under Kontoen din.
  2. Skriv inn den nye e-posten og trykk Send eingongskode.
  3. Skriv inn koden vi har sendt til den nye e-posten, og trykk Stadfest. Det står "E-posten din er no ..." med den nye e-posten.

Greitt å vite

  • E-posten din er den du loggar inn med på dei andre einingane dine. Han er òg reserve når eit varsel ikkje kjem fram. AYA sender aldri SMS.
  • Nokre produkt, til dømes gjenbruksarmband, kofferttag og tryggingsmerke, kan krevje ein e-post på kontoen før dei kan aktiverast. Då vert du spurd undervegs.
  • Du kan òg sikre kontoen med Face ID eller Touch ID i Innstillingar.
  • Skal du i gang på ein ny telefon, opnar du AYA der og trykkjer Logg inn med e-post med den same e-posten.