Gå til innhaldet
← Alle emne
Dagleg bruk

Set eit produkt på pause

Slik set du eit AYA-produkt på pause, så finnaren berre ser ein forbokstav, og du slepp varslar til du slår det på igjen.
Ligg armbandet i skuffa, eller låner nokon andre jakka med namnelappen? Set produktet på pause. Då viser QR-koden berre ein forbokstav, og ingen kan kontakte deg gjennom han før du slår han på igjen.

Slik gjer du

  1. Opne produktet frå framsida.
  2. Trykk på tannhjulet øvst til høgre.
  3. Under Varslar trykkjer du på linja Aktiv i bruk (Dei som skannar kan kontakte deg. Trykk for å pause.).
  4. Linja byter til Sett på pause, og statusen øvst på produktsida byter òg til Sett på pause.
Knappen for å setje produktet på pause i innstillingane
Knappen for å setje produktet på pause i innstillingane

Slik slår du det på igjen

Trykk på linja Sett på pause (Slår på varslar og kontakt igjen). Produktet er aktivt med det same.
Pausen stoppar ikkje tida. Eit armband, ein namnelapp eller eit merke går ut på same dato, uansett om det har vore sett på pause.

Dette skjer medan produktet er på pause

  • Finnaren ser berre forbokstaven i namnet, til dømes "E." i staden for "Emma".
  • Telefonnummeret ditt vert ikkje vist på skannesida.
  • Du og dei du deler produktet med, får ingen varslar om skanningar.
  • På ein nøkkelring og eit ID-kort vert ikkje meldinga til finnaren vist.

Greitt å vite

  • Utstyrsmerke har ingen pause. Bruk i staden Sakna dersom utstyret er borte.
  • Eit utløpt produkt kan ikkje setjast på pause.
  • Ein medforelder kan òg setje produktet på pause og slå det på igjen.
  • Vil du berre unngå varslar, men framleis kunne kontaktast, slår du i staden av varslar for produktet.
Fann du ikkje svaret?
Skriv til oss