Gå til innhaldet
← Alle emne
Har du funne noko?

Har du funne ei eining med AYA-tryggingsmerke?

Slik kontaktar du eigaren anonymt når du har skanna eit AYA-tryggingsmerke på ei datamaskin, ein telefon, ein sykkel eller ein annan ting.
Du har skanna QR-koden på eit AYA-tryggingsmerke, til dømes på ei datamaskin, ein telefon eller ein sykkel. Eigaren får beskjed, og du kan kontakte vedkomande utan at nokon av dykk ser nummeret til den andre.

Slik gjer du

  1. Øvst står det kva du har funne, til dømes "Du har funne Sara sin Mac".
  2. Trykk Del posisjonen min, så eigaren kan sjå kvar tingen er. Vil du ikkje dele posisjonen, trykkjer du Nei takk, eg deler ikkje.
  3. Trykk Lydsamtale for å ringje opp gjennom AYA, eller Melding for å skrive. Du kan trykkje Legg til bilete og deretter Send melding.
Sida du ser når du skannar eit tryggingsmerke
Sida du ser når du skannar eit tryggingsmerke
Telefonnummeret, e-posten og adressa til eigaren vert aldri viste. Alt går gjennom AYA.

Greitt å vite

  • Nedst kan du trykkje Søk i AYA-registeret. Har tingen eit serienummer eller IMEI, kan du der sjå om han er eigarmerkt, òg dersom merket er pilla av.
  • Sida verkar i 3 minutt etter at du har skanna. Ser du "Skann QR-koden igjen", skannar du berre merket på nytt.
  • Er merket utløpt, ser du "Tryggingsmerke utløpt", og eigaren kan ikkje få beskjed gjennom merket. Prøv i staden AYA-registeret eller lever tingen til politiet eller eit hittegodskontor.