Gå til innhaldet
← Alle emne
Deling med familien

Del alle produkta til barnet på éin gong

Del armband, namnelappar og andre produkt med same namn i éi lenkje, så den andre forelderen får heile utstyret til barnet med det same.
Har barnet både armband, namnelappar og anna utstyr med same namn, treng du ikkje dele kvart produkt for seg. Éi lenkje kan dekkje dei alle.

Slik gjer du

  1. Opne eit av produkta til barnet, og trykk på tannhjulet (Innstillingar).
  2. Finn Personar, og trykk Legg til ein person.
  3. Skriv inn namnet på personen, og vel rolle (Medforelder eller Kontaktperson).
  4. Under Del også desse produkta med same namn står dei andre aktive produkta dine med nøyaktig det same namnet. Dei er alle valde på førehand. Fjern haka ved dei som ikkje skal vere med.
Lista over produkt med same namn
Lista over produkt med same namn
  1. Trykk Del lenkje eller QR-kode, og send lenkja med Del vidare, Kopier lenke eller Vis QR-kode.
  2. Når den andre trykkjer Ta imot, får vedkomande tilgang til alle dei valde produkta på éin gong. Under Det gjeld: kan dei sjå kva produkt lenkja gjeld.
Lista byggjer på namnet. Står det Emma på armbandet og Emma på namnelappen, kjem begge med. Står det Emma B. på det eine, kjem det ikkje med. Rett namnet først dersom noko manglar.

Greitt å vite

  • Lista vert berre vist når du har andre aktive produkt med same namn.
  • Valet gjeld berre for lenkje og QR-kode. Ein invitasjon på e-post gjeld berre det produktet du står på.
  • Rolla er den same på alle produkta i lenkja. Du kan etterpå byte rolle på kvart produkt for seg med Byt rolle.
  • Kjøper du eit nytt produkt til barnet seinare, må det delast for seg.